lørdag 25. juni 2022

Til Borghild

Ei strid frå borg er hold å ha
og omsyn til et greip å ta.
Det er å vere rådsnar ved
å ikkje løpe frå eit sted,

Du Borghild, du for verket står,
og ikkje lett frå det du går.
Er ein eit barn som vert til borg
så er ein ikkje vørd som sorg.

.·: :·.

fredag 24. juni 2022

Til Solhild

Når sola tenner, står den opp
og kaster ljos på bru og klopp
og synar at det einaste
på jorda er det reinaste.

Du Solhild, du er mykje verd.
Der er så mang ein vis og lærd
som ikkje veit å kaste ljos.
Då er der ikkje mykje kos.

.·: :·.

Til Solvor

Om sumar eller vinter,
er sola nøgd med ro.
At sola ikkje finter
gjer den til eitt av to.

Og jorda er det andre
i toet som ein er.
Du Solvor, berre vandre!
Du gleder, der du fer.

.·: :·.

Til Torgunn

At det ved tora verte regn
det veit vi er den flid
som finn sin ende over egn
når tora går til strid.

Du Torgunn, du er samvit sterkt
når du til virke går.
På jorda vert det gjerne merkt
når hugen i deg rår.

.·: :·.

torsdag 23. juni 2022

Til Linnea

Blomen blømer utolmodig.
Den vil fram å så.
Frøet er kva som gjer frodig.
Frøet er å få.

Du, Linnea, vakkert viser
audmjuke, du er.
Atterhald er kva du priser.
Underverk du gjer.

Til Turid

Ingen kan stå heilt aleine.
Støtte krevjast, må ein meine.
Ein er ein ved elsk og døme,
ikkje når ein er ei bløme.

Turid, du er tora vakker,
turen, som den lir og lakker,
ikkje pinleg, ei til skamme.
Det er når det hentast framme.

Til Andrea

Som mannen sin, ein er eit barn
om ikkje ein sit fast i garn.
Og poden vert til spire, så.
Og gleda får som bladet gå.

Nødvendig, det er poden, kjær,
og nyttig er kva gleda er.
Andrea, du er mannen sin.
I kvinne lagt er mannen fin.

Til Oddny

Du Oddny, du er odden ny,
oppriktig som eit morgongry
som peiker mot den nye dag
og syner kva den krev av lag.

Forstand har du på at det gjeld
å føre seg, så motet held.
Og kvar ein sjel som står deg bi
får auge sjå med strålar i.

onsdag 22. juni 2022

Til Jorid

Den jordfred kan ein drøyme om,
som nåde som frå himmel kom.
Du Jorid gjer den sak til lag,
og ikkje då er jordfred fag.

Som varmen er ifrå eit bål,
ved mykje glød og lite gnål,
eit opphald i di nærleik er.
Ein kvar vil faktisk vere der.

Til Ina

Du Ina, du er suveren.
Vel er du nydeleg, som ven,
men kva du utgjer, som di lyst,
er mor å vere, - kvinnebryst.

Du kjærleik gjev til svak og arm
ved omsorg av din gode barm.
Og godvilje er betre enn
kva gåvor er, ifrå ein venn.