torsdag 23. juni 2022

Til Oddny

Du Oddny, du er odden ny,
oppriktig som eit morgongry
som peiker mot den nye dag
og syner kva den krev av lag.

Forstand har du på at det gjeld
å føre seg, så motet held.
Og kvar ein sjel som står deg bi
får auge sjå med strålar i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

:. † .:
ღ ⁂ ☁ ★ ☆ ☀ ♥ ✦ ✧ ✯ ✿ ❀ ◉ ⦿ ·: † :·

Takk for din kommentar!
Den er vel snill og rar.
Og røper du ditt navn
så er det intet savn. ♫♥♪