lørdag 3. juli 2021

Berrfødt

Eg gjeng og får ei lengd i gras,
men uten makt og uten mas.
Eg gjeng med føter varsame.
Eg vil 'kje livet handsame.

I dag er sol, og grasbakken
er ikkje våte jordstokken.
Eg gjeng med augo for alt fint.
Og det er ikkje gras forpint.

Eg gjeng med auge for alt stygt.
Og kva som vondt er. Kva er trygt.
Eg trør ikkje den lengda ned.
Eg gjeng ho opp, gjev spira fred.

.·: :·.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

:. † .:
ღ ⁂ ☁ ★ ☆ ☀ ♥ ✦ ✧ ✯ ✿ ❀ ◉ ⦿ ·: † :·

Takk for din kommentar!
Den er vel snill og rar.
Og røper du ditt navn
så er det intet savn. ♫♥♪