torsdag 21. mai 2020

Kyrkjemakt

Den kyrkje er eit gamalt hus.
Ved kyrkjelyd og orgelbrus
har kyrkja gjeve mang ein mann
og kvinne mot og botebann.

Den kan, den kyrkje, kvinnestad
vel minne om, med benkerad,
og avlukke, og skip, og alt.
Men kva som gjeld, er ljos og salt.

Det går i holtet nære meg
ei skogdue, som tek på veg
kvar gong eg tenkjer mannefall.
Og sånn er også kyrkja stall.

For, fred er kyrkjemål og -lyst,
og manndom-vis og kvinnebryst.
Og vart den smitta, reinar Gud.
For, kyrkja er for Kristus skrud.

Ein skulle vel ha hald, ein stad.
Det er i kyrkje benkerad.
Der er så mange vis å sjå.
Men utgangspunktet er å få.

.·: :·.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

:. † .:
ღ ⁂ ☁ ★ ☆ ☀ ♥ ✦ ✧ ✯ ✿ ❀ ◉ ⦿ ·: † :·

Takk for din kommentar!
Den er vel snill og rar.
Og røper du ditt navn
så er det intet savn. ♫♥♪