fredag 18. mars 2016

Til studenten

Einfaldig som ei due skal
studenten vise vørd og pris,
når freidig han legg saman tal,
når freidig han finn ut av vis.

Einfaldig som ei due er
studenten materialet tru,
studenten materialet kjær
ved lesing og ved intervju.

Som salt og ljos vil han då få,
som gløgg, og ikkje som ein drøl.
For om, i staden, han vil rå,
ja, då er han ein ordentlig knøl!



.·: † :·.

Dette diktet er postet på samlingen "Dina" | her |.

2 kommentarer: